Innfallsportar

Der er mange fine utgangspunkt for turar og friluftsliv inn i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Desse kallar vi innfallsportar. Dei fleste har parkerkeringsplassar som er opne for ålmenta og dei mest populære turrutene og –stiane i verneområdet startar ved innfallsportane. På ein del av innfallsportane står det informasjonsskilt og nokre har og toalett.

Traudalen

Følg skogsbilveg som går opp frå Grov på Sørstranda. Her er det parkeringsplass med informasjonsskilt og god kapasitet. Bompengar? Utgangspunkt for turar til Traudalen, Dalsbøen og over mot Gjengedalen.

Langedalen

Følg skogsbilveg som går opp frå Gimmestad/Moane (bompengar). Parkeirngsplass med god kapasitet og informasjonsskilt. Toalett (tilrettelagt for handicapa) rett bortanfor parkeringsplassen. Første del av stien innover Langedalen er klopplagt. Utgangspunkt for turar til Arnestadstøylen, Fitjestøylen og vidare innover i landskapsvernområdet. 

Fitjedalen

Følg skogsbilveg opp frå Fitje. Bompengar på vegen frå Veslevatnet og oppover. Parkeringsplass med plass til omlag 10 bilar i enden av vegen. Utgangspunkt for turar over til Arnestadstøylen, Fitjestøylen og andre turmål i Langedalen.

Myklandsstøylen

Følg veg innover frå Indre Kandal. Ved Myklandsstøylen er det parkeringsplass med infoskilt. Her er og planer om å bygge eit toalett. OBS: Her må ein parkere innanfor gjerder, elles kan geitene øydelegge bilen. Frå Myklandsstøylen kan ein følgje merka løype opp i fjellet og gå over til Jølster og til Longevasshytta.

Årdalen

Parkeringsplass ved Legestøylen, med infoskilt og toalett. Merka rute opp til Stegsvatnet og vidare mot Longevasshytta. 

Ålhusdalen

Ta av frå E39 ved Ålhus og køyr innover dalen. Parkeirng og infoskilt. Utgangspunkt for turar over til Gotdalen i Naustdal eller til Longevasshytta.

Botnen

Ved Botnen, inst i Angedalen, kan ein parkere på parkeringsplass rett over brua. Herifrå kan ein gå innover til Botnavatnet, ein kan gå opp i fjellet mot Longevasshytta, eller ein kan gå oppover mot Sandfjellet. 

Vona

Hovudinnfallsport frå Naustdal. Følg vegen innover Naustedalen, frå Nes følger ein skiltet mot Vonavatnet. På sommarstid er det stor parkeringsplass heilt inne ved vatnet. Ein kan enten ta seg over vatnet med båt, eller ein kan gå langs stien som går innover langs sørsida av vatnet.

På vinterstid må ein parkere litt lenger nede, nokre hundre meter ovanfor krysset på Nes. På vinteren vert det køyrt opp skiløyper innover mot grensa til landskapsvernområdet.

Gjengedalen

Følg vegen frå Hyen, opp gjennom Gjengedalen og forbi Dalheim. Bomveg innover til Gjengedalsstøylen kor det er parkeringsplass med infoskilt og det skal byggast toalett her. Herifrå kan ein gå i mange ulike retningar til ulike turmål og ruter. Frå Dalheim kan ein og køyre til Aastøylen. Her er det og parkeringsplass, og herifrå kan ein gå til Risbotnen, til Blåfjellet eller over til Vona.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:18.12.2012)