Populære ruter

Det er mange flotte ruter inn i og gjennom Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Mange av rutene er gamle, tradisjonelle ferdselsårer som knyta bygdene rundt området saman. Her vart det drive dyr, frakta tømmer og frakta andre varer over fjellet. Nokre av stiane er merka, enten av DNT eller av lokale folk.

Her er nokre av dei mest populære rutene. Mange av dei heng saman, til dømes Årdal - Longevasshytta - Nes.

Årdal – Longevasshytta

Den kortaste og truleg mest brukte ruta inn til Longevasshytta. Turen tek om lag 3 timar. Der er nokre utfordrande parti langs Stegsvatnet, men elles er stien fin. På sommarstid kan ein parkere ved Legestøylen, og derifrå går det sti til hytta. På vinterstid må ein gå i frå Erikstad.

http://ut.no/rute/aardal-longevasshytta

 Ålhus - Longevasshytta

Flott og spektakulær rute til Longevasshytta der ein er oppe på 1250 moh. Turen tek om lag 5 timar.

http://ut.no/rute/aalhus-longevasshytta

 Vonavatnet - Longevasshytta

Rute frå Vonavatnet og Instedalen i Naustdal til Longevasshytta. Slakt og fint terreng. Turen tek om lag 7 timar. Parkeirngsplass ved Vonavatnet på sommarstid og ovanfor Nes på vinterstid.

http://ut.no/rute/vonavatnet-longevasshytta

Botnen – Longevasshytta

Lang og krevjande, men flott tur frå Angedalen i Førde til Longevasshytta. Ein går opp frå Botnen og opp på fjellrekka mellom Naustedalen og Angedalen. Etter kvart kjem ein inn på ruta som kjem opp frå Ålhus. Parkeringsplass ved brua i Botnen.

Gjengedalsstøylen - Longevasshytta

Fin tur sommar som vinter frå Gjengedalen i Hyen, gjennom Mosevassdalen og Blådalen, over Blåskaret og til Longevasshytta. Parkeringsplass ved Gjengedalsstøylen på sommarstid og på Dalheim på vinterstid.

Langedalen – Blådalen – Longevasshytta

Rute frå Langedalen i Gloppen, gjennom Fagredalen og Blådalen til Longevasshytta. Frå Fagredalen har ruta felles trase med ruta frå Gjengedalen. Parkeringsplass ved osen i Langedalen.

Myklandsstøylen - Longevasshytta

Rute som går frå Myklandsstøylen ved Kandalen i Breim, over Kupeskaret og ned til Kupevatnet og Longevasshytta. Den vanlegaste ruta inn i området frå aust. Parkeringsplass på Myklandsstøylen.

Vona – Aastøylen

Lett og fin tur over Gjengedalsskaret. Kortaste vegen mellom Naustdal og Hyen.  

Traudalen - Gjengedalsstøylen

Majestetisk flott rute mellom Sørstranda og Hyen.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:18.12.2012 Sist endret:09.06.2017)