Populære turmål

Skjorta

Med sine 1472 meter over havet er Skjorta eit av dei høgaste toppane i landskapsvernområdet. Skjorta er eit karakteristisk fjell, og det er velkjent for alle rundt Breimsvatnet. Vanlegaste ruta opp til Skjorta går opp frå Førde, i sørenden av Breimsvatnet.

Sandfjellet

Sandfjellet ligg 1249 moh, mellom Angedalen og Naustedalen. Fjellet er veldig populært som «toppturfjell» på ski. Her er det greitt å gå opp og veldig fine nedkøyringar både mot Angedalen og Naustedalen. Ein kan gå i frå Botnen i Angedalen, eller frå Reinene, Øygjord eller Svorstøl i Naustedalen 

Blåfjellet

Høgaste fjellet i Naustdal kommune er Blåfjellet, med sine 1390 meter over havet. Det ligg sentralt plassert som eit fjellmassiv midt i verneområdet. Mest vanlege ruta til Blåfjellet er å gå opp frå vest, enten frå Aastøylen eller Dalen i Hyen, eller frå Vona i Naustedalen. Ein kan og gå opp frå Longevasshytta og Blåskaret.  

Morafta

Populær «topptur» for skikøyrarar. Morafta ligg lett tilgjengeleg på Sørstranda i Gloppen og har fin nedkøyring. 

Svartekari

Populær topp på 1220 moh som ligg rett sør for Sandane sentrum. Kortaste rute opp går frå Jardalen. 

Ryssdalshorn

Eit landemerke i Gloppen! Ryssdalshorn med sine 1201 moh ruvar over Sandane og Breimsvatnet, og er eit av dei mest populære turmåla i verneområdet. Den mest vanlege ruta opp er å parkere i Ryssdalen, følge vegen opp til Ryssdalsstøylen og deretter følge stien som går oppover lia mot "hornet". Ein kan og gå frå Restøylen, som ligg søraust for toppen.

Vonagarden

Ligg strengt tatt rett utanfor landskapsvernområdet, men er eit populært turmål både til fots, med båt og på ski. Ein veglaus fjellgard inst i Naustedalen som har gjeve namn til heile Vonaområdet.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:18.12.2012 Sist endret:23.07.2013)