Turkart

Kart er nyttig når ein skal planlegge turar i fjellet. Og mest av alt er det viktig å alltid ha med kart når ein ferdast i fjellet! Det er fleire kart ein kan bruke i Naustdal-gjengedal landskapsvernområde.

Ut.no

Nettsida Ut.no er eit samarbeid mellom Nrk og Den norske Turistforening (DNT). På den sida finn ein eit nettbasert turkart som er eit veldig bra hjelpemiddel til planlegging av turar. Her finn ein merka ruter, hytter, info om fiskekort etc. Ein kan og skrive ut enkle kart herifrå, men desse kan ikkje erstatte trykte kart til bruk ute.

"711"-serien

Heile Noreg er dekka av ein kartserie som heiter M711. Desse karta har målestokk 1:50 000, og vert ôg kalla "1:50 000" -serien. Denne serien er den mest brukte serien til turbruk.
Frå 2012 vert denne kartserien revidert, og vert gjeven ut som rivesikre og slitesterke kart i plast. Kartblada i den nye serien er større, og heile Naustdal-Gjengedal er dekka av kartbladet som heiter "Gloppen".
I den gamle serien er nesten heile landskapsvernområdet dekka av dei to kartblada "Fimland" og "Breim".

Turkart

Mange kommunar og turlag lagar eigne turkart. Desse kan ha ulik utforming, ulik målestokk og innhalde ulik informasjon. Felles for alle er at dei er laga for turbruk og derfor godt eigna å ha med på tur.

Av kommunane rundt landskapsvernområdet har både Gloppen og Jølster laga eigne turkart. I tillegg er det planer om å lage turkart i andre kommunar. Indre Sunnfjord Turlag har og laga turkart som dekkar i alle fall ein del av landskapsverneområdet.
Turkart Gloppen og Jølster     Turkart Indre Sunnfjord

 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:19.12.2012)