Allemannsretten og reiselivet

Det kan vere vanskeleg å vite korleis forholdet mellom reiselivsnæringa og allemannsretten er. I kva grad kan reiselivet nytte seg av retten vi har til fri ferdsel i utmark, og ta seg betalt for det. I denne brosjyra frå Direktoratet for naturforvaltning kjem direktoratet med nokre nyttige avklaringar og svar.

Generelt sett kan ein ikkje ta betalt for å nytte seg av allemannsretten, men ein kan ta betalt for "tilleggstenester" som til dømes guiding, tilrettelegging, transport og aktivitetar.

Som reiselivsaktør har ein og eit utvida ansvar for at den aktiviteten ein legg opp til ikkje skal føre til skade eller unødig slitasje på natur og miljø. Det er og særs viktig at ein kjenner til regelverket, har oversikt over verna og sårbare områder og har alle naudsynte løyver i orden.

Link til brosjyra finn du nederst på sida.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:13.09.2012 Sist endret:09.01.2013)