Anbodskonkurransar for tiltak i og rundt Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde

Forvaltningsknutepunktet legg 3 tiltak/oppdrag ut på anbod. Alle oppdraga ligg i Gloppen kommune. Vi vil oppmode aktuelle tilbydarar av tenester om å levere inn gode tilbod.

Tiltaka som no vert lagt ut på anbod er:
- Opparbeiding av 490 meter buføringsveg i Traudalen
- Lage til parkeringsplass i Ryssdal
- Legging av trekloppar i Gjengedalen

Anbodsgrunnlag/konkurransegrunnlag til dei ulike tiltaka finn de nederst på sida.

Andre vedlegg:  
- Mal for kontrakt
- HMT-eigenerklæringsskjema.
- Flybilete over traseen for klopplegging. Traseen er omlag 1 km lang i luftlinje. Dei første 300 m er ferdig lagt, so oppdraget gjeld frå om lag 300 m og utover. 
- Skisse over parkeringsplass

Frist for innlevering av tilboda er 10. juni kl 12.00

Alf Erik Røyrvik (Publisert:21.05.2014 Sist endret:12.10.2017)