Anbodskonkurranse om arbeid i verneområdet

Forvaltningsstyresmaktene i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde og Ålfotbreen landskapsvernområde har lyst ut anbodskonkurranse om arbeid i verneområda dei neste fire åra.

Kvart år får verneomårdestyra midlar til å gjere tiltak i verneområda. For å få gjennomført ein del av tiltaka vert det ofte naudsynt å kjøpe tenester frå ulike leverandørar. Verneområdeforvaltninga lyser derfor ut ein anbodskonurranse om kjøp av ulike tenester i samband med arbeid i verneområda. Forvaltninga ynskjer å inngå rammeavtale om kjøp av tenster som går over fire år. Det vil vere aktuelt å skrive avtale med inntil tre leverandørar.

Anbodskonkurransen er kunngjort på Doffin, databasen for offentlege innkjøp:

https://www.doffin.no/Notice/Details/2016-655111

Alf Erik Røyrvik (Publisert:09.05.2016 Sist endret:03.01.2017)