Arbeidet med buføringsveg i Traudalen er avslutta for i år

Arbeidet med buføringsvegen i Traudalen er avslutta for i år. Det er framleis nokre meter att som treng utbetring, og vi håpar at vi skal få midlar til å gjere arbeidet ferdig dei komande åra. Verneområdeforvaltninga er særs godt nøgde med det arbeidet som er gjort i år av grunneigarane og tenesteleverandøren.

Som omtala tidlegare har det vorte stadig meir utfordrande å få storfe innover mot Dalsbøen og indre delar av Traudalen på sommarbeite. Dette fordi stølsråsa har vore steinete og vanskeleg å gå for storfe. Mange turfolk har og gjeve utrykk for at råsa ikkje har vore god.

Verneområdestyret har derfor prioritert å få utbetra stølsråsa som går innover mot Dalsbøen, og mesteparten av midlane som styret har fått over bestillingsdialogen til tiltak i verneområdet i 2014, har gått med til dette arbeidet. Føremålet med dette tiltaket er først og fremst å sikre at området vert nytta til storfebeite, slik at kulturlandskapet vert teke vare på. I tillegg er det veldig positivt at Traudalen vert lettare tilgjengeleg for turfolk, slik at fleire kan kome sefg innover og nyte den flotte naturen og kulturlandskapet.

Arbeidet har vorte utført i eit samarbeid mellom grunneigarane i Rygg og Grov sameige som har stått for innkjøp og tilkøyring av masse, og Bygdeservice som vann anbodet på sjølve bygginga av buføringsvegen. Bygdeservice har nytta minigravar, beltedumper og minilastar i arbeidet. Dette er små maskiner som treng lite plass, og inngrepet i landskapet har derfor vorte so lite som muleg. Sjølve buføringsvegen er bygd opp med pukk av knust fjell og so er det lagt på eit topplag med finare masse. Maskinførar Kurt Fossheim har dessutan gjort ein flott jobb med å lage fine vagkantar og legge på plass att torv ved siden av vegen.

Grunneigarane i Rygg og Grov sameige har stått for innkjøp og tilkøyring av masse. Det har gått med fleire hundre kubikk med masse og fleire hundre dugnadstimar med traktor, skuff og hengar. Grunneigarane har gjennom dette arbeidet stått for omtrent halve kostnaden med buføringsvegen. Tiltaket hadde ikkje vore mogeleg å gjennomføre om vi ikkje hadde hatt dette gode samarbeidet!

Buføringsvegen går fint inn i landskapet

Verneområdeforvaltninga er særs nøgde med resultatet. Buføringsvegen svingar seg fint inn gjennom landskapet og terrenget og det er minimalt med inngrep utanfor traseen. På biletet nedanfor legg Ole Gimmestad og Egil Ravnestad siste hand på arbeidet med buføringsvegen.

Karane i Bygdeservice legg siste finish på buføringsvegen i Traudalen

No i 2014 har det blitt laga om lag 385 meter med buføringsveg. Det står derfor att omtrent 100 meter av den strekninga som treng utbetring. Vi hadde rett og slett ikkje meir midlar tilgjengeleg på årets budsjett til å gjere dette ferdig. Vi håpar at vi dei komande åra skal få nok midlar til at vi kan fullføre denne strekninga.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:29.08.2014 Sist endret:12.10.2017)