Årets første styremøte i Naustdal-Gjengedal verneområdestyre

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre hadde første styremøte for året onsdag 11. april. Møtet var i fine omgjevnader på Håjen Kafe i Naustdal.

Som i dei fleste andre åra, hadde vi første møtet for året etter at styret har fått tildelt tiltaksmidlar frå Miljødirektoratet. Viktigaste saka var derfor prioritering av dei tildelte tiltaksmidlane. I tillegg vart det handsama nokre mindre administrative saker.

Naustdal-Gjengedal har fått tildelt 564.000 i tiltaksmidlar i 2018. Det er ein god slump med offentlege midlar, som må brukast fornuftig. Det er litt mindre enn verneområdestyret søkte om, so det må gjerast nokre prioriteringar.

Høgste prioriteten får skjøtsel av støylsområda på Sørstranda i Gloppen. Skjøtsel er av kulturlandskapet er veldig viktig for å ta vare på verneverdiar og verneføremål. Vidare nedover på lista finn vi stort sett ulike tiltak som går på tilrettelegging for friluftsliv. Særleg skal det satsast på å få gode stiar til Ryssdalshornet og Byrkjeneset. Dette flotte og populære turmål som er prioritert i arbeidet med besøksstrategi i Naustdal-Gjengedal.

Protokoll etter styremøtet finn du her.

Protokollar frå alle møta i Naustdal-Gjengedal verneområdestyre kan du finne på denne lenka.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:17.04.2018)