Årets siste styremøte i verneområdestyret

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre på synfaring i Traudalen.
Naustdal-Gjengedal verneområdestyre på synfaring i Traudalen., Foto: Alf Erik Røyrvik

Tysdag 17.november hadde Naustdal-Gjengedal verneområdestyre sitt siste møte for året. Dette var og det siste møtet med det sitjande styret, vi reknar med at det vert oppnemnt nytt styre før neste møte utpå nyåret.

I samband med styremøtet var verneområdestyret på synfaring til Naturhuset i Langedalen og til buføringsvegen i Traudalen. På begge stadene var styret imponert over det dei fekk sjå.

I styremøtet hadde styret oppe fleire saker til handsaming. Ein del fleirårige løyve til bruk av skuter og motorbåt går ut no i 2015, og styret handsama forleningig av desse.

Ei anna veldig viktig sak på denne tid av året er å sette opp bestillingsdialogliste for 2016. Denne lista er ei slags "ønskeliste" over tiltak som styret sender til Miljødirektoratet.

Til slutt vart det fatta vedtak om delegering av vedtaksmynde til forvaltaren i ei del type saker.

Protokollen frå møtet kan de finne her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:24.11.2015 Sist endret:17.08.2017)