Avslag på søknad om bygging av "Berdalsvegen"

I styremøte nr 4/13 avslo Naustdal-Gjengedal verneområdestyre søknad frå Rygg og Grov sameige om å bygge skogsveg inn til Berdalselva i Traudalen. Årsaka til avslaget er at styret ikkje har heimel til å gje løyve til det som er søkt om, og dessutan manglande lønsemd på vegen.

Rygg og Grov sameige har søkt både Gloppen kommune og verneområdestyret om å få bygge ein 1850 m lang traktorveg inn til Berdalsvegen i Traudalen i Gloppen kommune. Sameige søkjer om å få bygge traktorveg klasse 7, og føremålet med å bygge vegen er hovudsakleg å få ta ut bjørkeskog og noko furuskog.

I verneforskrifta vor Naustdal-Gjengdal landskapsvernområde er det opna for at styret kan gje løyve til bygging av enkel traktorveg inn til Berdalselva. Dette behovet er noko som vart spela inn i verneprosessen, og teke omsyn til. Enkel traktorveg vil seie vegklasse 8, som er den lågaste standarden for landbruksvegar. Styret har derfor ikkje heimel i lovverket til å gje løyve til vegklasse 7, som det er søkt om.

Eit sopass tungt inngrep som vegbygging, er i strid med verneføremålet for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Det vert derfor sett strenge krav til at tiltaket må ha ei tydeleg nytte i næringsverksemd for at ein skal kunne tolerere inngrepet. I dette tilfellet synte kost/nytte -kalkyla basert på den tilgjengelege informasjonen, at vegen ikkje er lønsam. Kostnaden ved bygging av vegen er større enn det økonomiske utbyttet man kan få utnytta ved å veg i dette området.

Basert på hovudsakleg desse to momenta, vedtok verneområdestyret å avslå søknaden om bygging av skogsveg.  

Her er kart over Traudalen. Vegen det vart søkt om, skal gå på nordsida av vatnet omlag frå grensa til landskapsvernområdet (den grøne streken) og vestover til Berdalselva.
Kartutsnitt over Traudalen

Alf Erik Røyrvik (Publisert:13.12.2013 Sist endret:12.10.2017)