Besøksstrategi for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde ute på høyring.

Statens naturoppsyn inspiserer klopplegging i Gjengedalen
Statens naturoppsyn inspiserer klopplegging i Gjengedalen, Foto: Alf Erik Røyrvik

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre har utarbeida ein besøksstrategi for landskapsvernområdet. Strategien  seier noko om korleis verneområdet og forvaltninga skal ta i mot dei som besøkjer verneområdet. Strategien ligg no ute på høyring der alle interesserte har høve til å kome med innspel.


Alle nasjonalparkar og store landskapsvernområde skal utarbeide slike strategiar. Målet er å legge til rette for gode opplevingar for dei besøkande, legge til rette for lokal verdiskaping, og samstundes sikre og fremje verneverdiane. I tilfelle der desse omsyna kjem i konflikt med kvarandre, skal omsynet til verneverdiar og sårbar natur vege tyngst.

 

Strategien seier noko om kva område, ruter og turmål som skal prioriterast og frontast. Dei er valgt ut fordi dei har potensiale for meir besøk og fordi natur og infrastrukturen tåler det. Prioriteringane og tiltaksplanen i besøksstrategien vil vere med å danne grunnlag for søknadar om tiltaksmidlar dei komande åra.

 

Innspel til høyringsframlegget kan sendast til verneområdeforvaltar Alf Erik Røyrvik på e-post fmsfalr@fylkesmannen.no

Høyringsfrist er 15. nov 2018.

 

Det vert eit ope høyringsmøte onsdag 24.10 kl 16.00 på Skei hotell.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:08.10.2018)