Bestillingsdialog 2013

Statens Naturoppsyn (SNO) har ansvar for tilsyn, skjøtsel og tilrettelegging i verneområda våre. I den samanheng har SNO ein del midlar som kan nyttast til mellom anna informasjons-, skjøtsels- og tilretteleggingsarbeid i dei enkelte verneområda. Har DU eit tips til tiltak som bør gjennomførast i eller rundt landskapsvernområdet?

For å kunne oppretthalde føremålet med vernet og ta vare på verneverdiane i et naturvernområde, vil det ofte vere behov for å gjennomføre ulike formar for tiltak. Det kan vere behov for økologisk skjøtsel eller andre typar tiltak som tilrettelegging for skånsam ferdsel, oppsetting av informasjonstavler, eller naturovervaking.

Grunneigarar, kommunar, organisasjonar og alle brukarar av verneområdet har høve til å komme med forslag og innspel til korleis desse midlane skal brukast og til kva tiltak som bør setjast i verk. Dette kan vere ulike typar tiltak både i og rundt verneområdet, og det kan vere både fysiske tiltak og tiltak innan informasjonsarbeid etc. Tiltaka kan vere både tiltak som SNO sjølv kan setje i verk, og tiltak som andre kan gjennomføre på oppdrag for SNO.

Innspel og forslag til tiltak kan sendast til verneområdeforvaltaren for Naustdal – Gjengedal landskapsvernområde. Deretter vil styret for verneområdet gjere ei prioritering av tiltaka før lista vert sendt over til SNO.

Konkrete forslag til tiltak kan gjerne utformast som ein enkel søknad. Den bør innehalde:

  • Ei beskriving av tiltaket og føremålet med det
  • Eit budsjett / kostnadsoverslag
  • Ei kort beskriving av korleis og kortid ein tenker seg at tiltaket kan gjennomførast
  • For fysiske tiltak kan det gjerne følgje med eit enkelt kart eller ei skisse som syner kor og korleis tiltaket er tenkt gjennomført

Søknad eller andre innspel kan sendast til verneområdeforvaltaren.
Kontakinformasjon finn du her.

Frist for innspel og innmelding av tiltak: 15. november

Alf Erik Røyrvik (Publisert:23.10.2012 Sist endret:09.01.2013)