Bestillingsdialogmidlane er komne

Statens Naturoppsyn har no gjort ei fordeling av midlane som skal gå til tiltak i verneområder. Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde har fått 520.000 kr til tiltak i 2014.

Den totale posten til tiltak i verneområder er redusert på statsbudsjettet frå ca 65 mill kr i 2013 til ca 55 mill kr i 2014. Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde kjem likevel ganske godt ut av denne "reduksjonen" og får 520.000 kr til tiltak i 2014. Dette er ein nedgong på 30.000 frå fjoråret.

Verneområdestyret skal snart ha møte der dei skal fordele dei tildelte midlane mellom dei tiltaka og prosjekta som vart sett opp i bestillingsdialogen før jul. I lenka nederst på sida kan de sjå skjema over dei innmeldte tiltaka som pengane skal fordelast mellom. Midlane er som vanleg mindre enn det innmeldte behovet, so styret må føreta ei prioritering.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:18.03.2014 Sist endret:12.10.2017)