Drone i landskapsvernområdet

Foto: Edvin-Andre Hugvik
Foto: Edvin-Andre Hugvik

Kan ein fly drone i verna natur?I dei fleste verneområder og nasjonalparkar er motorsiert ferdsel strengt regulert. Men gjeld desse reglane og for droner?

Dei siste åra har det blitt veldig populært med ulike typar droner. For berre nokre år sidan visste vi knapt kva det var for noko, no får vi kjøpt det i ein kvar leikebutikk. Dronene fins i mange variantar; frå små leiketøy til store og dyre droner til kommeriell bruk. Droner har blitt "allemannseige" og då dukkar det sjølvsagt opp nye utfordringar med kor og korleis desse kan brukast. Eit spørsmål som har dukka opp, er om droner kan brukast i verneområder som nasjonalparkar og landskapsvernområder.

 

I verna natur er det som oftast reglar som regulerer motorisert ferdsel. Dette står i verneforskrifta for kvar enkelt område, og desse forskriftene er ulike. Det fins derfor ikkje noko fasitsvar om kor vidt ein kan bruke drone i verna natur, det vil variere frå verneområde til verneområde.

 

Det er likevel nokon ting vi kan seie generelt om droner i "naturen":

  • Lova om motorferdsel i utmark gjeld ikkje for droner.
  • Derimot gjeld reglane i "Forskrift om luftfartøy som ikke har fører om bord mv." for bruk av droner. Den forskrifta finn du her.
  • Ein må og ta omsyn til reglar om støy og personvern når ein brukar drone.
  • Og so må ein sjekke reglane for kvart verneområde om ein vil bruke drone der.

 

 

I verneforskrifta for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde står det at "Motorferdsel er forbode både på land og på vatn, inkludert landing med fly og helikopter. Forbodet gjeld også bruk av modellfly, modellbåt og liknande dersom dei har motor."
Bruk av drone er altso sidestilt med anna motorferdsel, som til dømes helikopter og snøskuter. Og det må derfor søkast om. Men forbodet gjeld berre å lette og lande innanfor verneområdet, og ikkje sjølve flyginga.


Det er altso ikkje ulovleg å fly over verneområdet, so lenge ein lettar og landar utanfor. Dersom ein derimot vil lette og lande inne i landskapsvernområdet, må ein søkje om det. Dette føreset sjølvsagt at flyginga er i tråd med dei generelle reglane for å fly drone.

Dersom ein lurer på noko, er det berre å ta kontakt med verneområdeforvaltninga.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:12.10.2016 Sist endret:03.01.2017)