Får ikkje bygge gjetarhytte i Risbotnen

Risbotnen beitelag og Dag Bakketun får ikkje bygge gjetarhytte i høgda innanfor Risbotnen i Gloppen. Miljødirektoratet har oppheva vedtaket til verneområdestyret, der styret gav løyve til å bygge hytta.

Miljødirektoratet er klageinstans i slike saker der verneområde- eller nasjonalparkstyre fattar vedtak. I dette tilfellet vart løyvet til å bygge gjetarhytte klaga på av Villreinnemnda i Sogn og Fjordane. Villreinnemnda meinte at verneområdetyret ikkje hadde teke nok omsyn til villreinstamma i området.

Klagen er no handsama av Miljødirektoratet. Etter direktoratet si vurdering har ikkje verneområdestyret heimel i verneforskrifta til å gje løyve til oppføring av hytta. Dette fordi grunneigar og dermed eigar av sjølve hytta ikkje sjølv driv med beitedyr, og at kravet om at hytta skal vere "naudsynt i samband med landbruksdrift" ikkje er oppfylt. Miljødirektoratet har derfor gjort om vedtaket til verneområdestyret.

Vedtaket frå Miljødirektoratet, klagen frå villreinnemnda og løyvet frå verneomrdåestyret kan finn du lenger nede på sida.

I dette området ville Risbotnen beitelag og Dag Bakketun bygge gjetarhytte.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:23.10.2017)