Fylkesmannen trekkjer klagen

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane trekkjer klagen på vedtaket som Naustdal-Gjengedal verneområdestyre fatta i fjor, der verneområdestyret gav Kjell Arnestad løyve til å utvide hytta si i Langedalen.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) har førebudd klagesaka for Miljøverndepartementet (MD) og kjeme med si tilråding til MD. I sitt brev datert 29.04.13 tilrår DN at verneområdestyret sitt vedtak vert stadfesta og at klagen frå Fylkesmannen ikkje vert teken til følgje.

Fylkesmannen skriv i brev til MD datert 15.05.13 at på bakgrunn av den klare tilrådinga frå DN, trekkjer dei klagen. DN har vurdert dei sidene av saka som Fylkesmannen ville ha avklara, og trekkjer klagen for å spare saka og søkjaren for fleire månader med sakshandsaming.

Når Fylkesmannen no trekkjer klagen sin, inneber det at vedtaket som verneområdestyret fatta vert ståande, og at Kjell Arnestad får lov til å utvide hytta si.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:15.05.2013 Sist endret:12.10.2017)