Gjetarhyttesaka i Risbotnen hjå Sivilombudsmannen

Fjellområdet innanfor Risbotnen der der vart søkt om å føre opp gjetarhytte. Foto: Alf Erik Røyrvik
Fjellområdet innanfor Risbotnen der der vart søkt om å føre opp gjetarhytte. Foto: Alf Erik Røyrvik

Sivilombudsmannen har handsama saka med oppføring av gjetarhytte i Risbotnen og kome med si uttale.

Grunneigar og beitebrukarar i Risbotnen søkte om å få bygge ei gjetarhytte litt innanfor Risbotnen. Verneområdestyret gav løyve til det på visse vilkår. Villreinnemnda klaga på det vedtaket og saka vart sendt til Miljødirektoratet for klagehandsaming. Miljødirektoratet tok klagen til følgje, og gjorde om på vedtaket til verneområdestyret. Grunneigaren sende då saka til Sivilombudsmannen.

Ombudsmannen har no gått gjennom saka og kome med si uttale, kor han ber Miljødirektoratet vurdere saka på nytt.

Uttala kan du lese her:
https://www.sivilombudsmannen.no/uttalelser/tillatelse-til-a-oppfore-gjeterhytte-i-risbotnen-i-fordefjella/

Alf Erik Røyrvik (Publisert:03.01.2019)