Godt i gang med buføringsvegen i Traudalen

Grunneigarar og Bygdeservice er no godt i gang med å fikse opp buføringsvegen / råsa som går innover mot Dalsbøen i Traudalen. Resultatet so langt ser veldig bra ut, og teiknar for ei lysare framtid for beitedyr og turfolk.

Etter at grunneigarane i Traudalen meldte frå om utfordringane med å få beitedyra sine inn til beita ved Dalsbøen i Traudalen, har verneområdestyret prioritert å bruke mesteparten av årets bestillingsdialogmidlar til å fikse opp denne buføringsvegen. Målet er at råsa innover til Dalsbøen skal verte god å bruke både for beitedyr og turfolk, og at tilsyn og stell av dyra på beite skal verte enklare.

Oppdraget vart lagt ut på anbod, og Bygdeservice vann dette anbodet. Dei brukar ein liten minigravar til å gjere jobben. Minigravar på gummibelter er veldig skånsam med terrenget og treng heller ikkje store plassen for å jobbe. I tillegg har verneområdestyret leigt inn ein liten beltegåande dumper som transporterer masse inn til maskina. Når vi bruker so små maskiner vert stien smal og passer godt inn i terrenget.

Liten minigravar på gummibelter

Beltedumper på gummibelter

I tillegg til Bygdeservice er fleire grunneigarar med i prosjektet og legg ned ein stor innsats. Grunneigarane i Rygg og Grov sameige står for tilkøyring av massen som stien vert bygd av. Grunneigarane legg ned ein kjempeinnsats og bidreg med godt over ein tredjedel av kostnaden i form av innkjøp og transport av masse. Utan denne innsatsen hadde vi ikkje kunne gjennomføre dette prosjektet.

Resultatet vert veldig bra! Maskinførarane er flinke til å bygge stien/vegen slik at den slynger seg fint fram gjennom terrenget og skogen. I tillegg legg dei på plass torva på kantane, slik at det ser veldig fint ut etterpå.

Stien går fint inn i terrenget

 PS: Stien skal grusast med finare masse til slutt.

 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:25.07.2014 Sist endret:12.10.2017)