Handsaming av klager er delegert til Miljødirektoratet

Klima og miljødepartementet har delegert handsaming av klager til Miljødirektoratet.

Frå ordninga med lokale verneområdestyrer vart oppretta, har departementet (tidlegare Miljøverndepartementet, no Klima- og miljødepartementet) vore klageinstans. Sjølv om direktoratet (tidlegare Direktoratet for naturforvaltning, no Miljødirektoratet) har førebudd klagene for departementet, so er det deptartementet som har hatt "siste ordet" og fatta endeleg vedtak.

No har departementet delegert all klagehandsaminga til direktoratet. Departementet har gjeve viktige signal og retningslinjer i dei sakene dei har handsama til no. Vedtak i desse sakene dannar no eit grunnlag for korleis direktoratet skal vurdere klagesakene som kjem i framtida.

Endringa byrja å gjelde frå 23.januar 2015.

Delegeringsbrevet kan de lese her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:09.02.2015 Sist endret:12.10.2017)