Høyringsinnspel til forvaltningsplanen

Det har kome inn mange gode høyringsinnspel til framlegget til forvaltningsplan. Du kan lese dei innkomne innspela her.

No er høyringsfristen gått ut, og det har kome inn om lag 15 innspel til høyringsframlegget. Det er nokre instansar som har fått nokre dagar utsetjing, so det kjem nokre til.

Alle innspela vert lagt ut her (sjå nedst på sida), slik at ein kan sjå kva innspel som har kome inn. Høyringa og innspela vil no først verte tema på haustmøtet i Fagleg Rådgjevande utval for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Dette møtet vert måndag 10. november kl 14.30 på Skei Hotell.

Deretter vil alle innspela, og dessutan innspel frå Fagleg Rådgjevande utval, verte lagt fram for verneområdestyre. Dei skal ha styremøte måndag 1. desember på Gloppen Hotell og då vert forvaltningsplanen hovudsaka på møtet.

Denne sida vil verte oppdatert etterkvart som dei siste kjem inn. Det vil og verte lagt ut ein samandrag når alle har sendt inn.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:06.11.2014 Sist endret:12.10.2017)