Hugs løyve frå grunneigar til motorferdsel

Sjølv om ein har løyve til motorferdsel frå verneområdeforvaltninga og kommunen, må ein i tillegg ha løyve frå grunneigar. Det er tiltakhavaren sjølv som har ansvar for at løyve frå grunneigar er på plass.

Motorferdsel i utmark er strengt regulert, og krev som regel søknad og løyve frå det offentlege. Særleg i verna områder. I all utmark må ein ha løyve frå kommunen eller generell dispensasjon frå motorferdsellova. I verna områder må ein og ha løyve frå forvaltningsstyresmakta. 

Men det er ikkje berre det offentlege som må gje løyve. Grunneigar har styringsrett over sin grunn uansett om eit område er verna eller ikkje, og ein må ha løyve frå grunneigar på den aktuelle staden for å drive motorferdsel. For bruk av snøskuter, traktor ATV osb. må ein ha løyve frå grunneigaren eller grunneigarane langs heile ruta der ein skal køyre. For bruk av helikopter, drone eller liknande må ein ha løyve frå grunneigar på landingsplassen.

På areal med berre ein grunneigar (utskift utmark), er det sjølvsagt den grunneigaren ein må spørje om løyve til motorferdsel. Dette er løyve av privatrettsleg art, og muntleg løyve vil vere godt nok. På sameige/fellesmark kan det vere litt meir komplisert. Ofte vil det vere ein leiar i sameiga som har mynde til å gje løyve. Dersom slikt mynde ikkje er delegert, vil fleirtalet bestemme. Ein må altso då ha løyve frå fleirtalet av eigarane i sameiga.

Det er tiltakshavaren sjølv som er ansvarleg for at løyve frå grunneigar(ane) er på plass. Det er lurt å tenke på dette i god tid før motorferdsla skal skje.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:02.10.2015 Sist endret:17.08.2017)