Hugs vilkåra i løyvet!

Ved alle løyver og dispensasjonar som verneområdeforvaltninga gjev, vert det lagt til nokre vilkår. Det er særs viktig at desse vilkåra vert både forstått og fulgt opp.

I Naustdal-Gjengedal vert det kvart år gjeve ein del løyver eller dispensasjonar frå vernereglane. Mest vanleg er løyver til motorferdsel, men det vert og gjeve ein del byggeløyver. I samband med desse er det vanleg å legge nokre vilkår til løyva. Vilkåra handlar ofte om å ta omsyn til naturen og andre brukarar av området. Andre vilkår vil ofte sette krav om varsling før til dømes motorferdsel tek til, og rapportering til forvaltninga i etterkant av motorferdsel eller byggearbeid.

 

Vilkåra er ein del av sjølve løyvet eller dispensasjonen som vert gjeve. Løyvet gjeld berre dersom vilkåra vert fulgt. Dersom ein bryt eit eller fleire vilkår er altso ikkje løyvet gyldig og ein risikerer at motorferdsla eller bygginga faktisk er ulovleg. Det er derfor veldig viktig at ein les og forstår vilkåra til løyva, og at ein følgjer desse!

 

Meir informasjon om korleis ein søkjer om løyve/dispensasjon finn du i lenka under.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:07.10.2015 Sist endret:12.10.2017)