Indre Sunnfjord Turlag får løyve til å lande med helikopter ved Longevasshytta

Indre Sunnfjord Turlag har fått løyve til å lande med helikopter ved Longevasshytta i samband med transport av forsyningar og utstyr til hytta. Løyvet gjeld for inntil 4 landingar i dagane 24.-27.august.

Føremålet med transporten er både å få opp forsyningar til den vanlege drifta, men og å få på plass litt nytt inventar no når arbeidet med utviding av hytta er ferdig.

Normalt sett opnar ikkje verneområdeforvaltninga for helikoptertransportar innanfor villreinen sitt leveområde når reinsjakta går føre seg, frå 20. august og utover i september. Både forvaltninga og villreininteressene ynskjer at både villrein og jegerar skal få ro rundt jaktutøvinga. Dette for å sikre ei human og effektiv jakt.

Villreinutvalet i Førdefjella har uttalt seg i høve søknaden frå turlaget, og dei går ikkje i mot at det kan flygast frå Jølster til Longevasshytta so lenge villreinen står i ein annan kant av leveområdet sitt. Det er venta at villreinen står lenger mot nordvest, i fjella mellom Naustdal og Hyen, på denne tida. Villreinutvalet meinar derfor det bør gå bra med transport til Longevasshytta, so lenge denne kan innstillast dersom reinen skulle trekke mot Longevasshytta og dalføra rundt hytta.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:17.08.2017 Sist endret:12.10.2017)