Informasjonsfilm om Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre har fått produsert ein informasjonsfilm om landskapsvernområdet. Resultatet kan du sjå her.

Verneområdestyret er veldig opptatt av informasjonsarbeid og å gjere verneområdet med sine kvalitetar kjent. Derfor vedtok styret hausten 2012 å bruke tiltaksmidlar til å få laga ein informasjonsfilm om landskapsvernområdet. Oppdraget gjekk til Raw Media, "produksjonsselskapet" til det som tidlegare var Mo og Jølster vidaregåande skule si medialinje.

Filmen er eit resultat av fleire elevbidrag og elevarbeid, og hovudansvarleg for filmen har vore faglærar Ole Johnny Devik. Det er kjekt at eit slikt oppdrag kan gå til ei lokal bedrift med talentfull ungdom, og at arbeidet kan brukast til utdanning.

Medverkande i filmen er både styreleiar Håkon Myrvang og styremedlemmane Iris Loftheim og Oddmund Klakegg. I tillegg treffer vi Kjell Oddvin Hjellbrekke frå Indre Sunnfjord Turlag og kjentmann Hallgeir Hansen frå Gloppen.

Verneområdeforvaltninga er særs nøgde med resultatet og vil rette ei stor takk til Raw Media og dei medverkande.

Her kan du sjå filmen:
Informasjonsfilm om Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde (youtube-link) 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:02.07.2014 Sist endret:12.10.2017)