Kartlegging av plantar og dyr i Naustdal-Gjengedal

Svein Hjelmeset har, på oppdrag frå verneområdestyret, drive kartlegging av plantar og dyr på nokre spanande stader i landskapsvernområdet. Han har både funne og tatt bilete av mange spanande plantar og dyr.

Hjelmeset har konsentrert seg om nokre områder med kalkrik grunn. Kalkrik grunn vert ofte artsrik og her førekjem ein del spanande artar som ein ikkje finn andre stader. Mange ar plantane som Hjelmeset har dokumentert er nettopp slike artar.

Han har og tatt flotte bilete av fuglar og dyr. Særleg biletet av to ørner som sloss er fascinerande!

Rapporten finn du her.

Både denne rapporten og andre publikasjonar kan du finne under Planer og publikasjoner -> Publikasjoner og informasjon.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:26.11.2015 Sist endret:17.08.2017)