Kartlegging av plantar og dyreliv på Morafta og på Tverrfjellet

Svein Jan Hjelmeset har i sommar drive med kartlegging av plantar og dyreliv i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde.

Særleg har Svein konsentrert seg om å finne blomar som krever kalkrik jord. Desse er ofte sjeldne, i alle fall på våre kantar, då vi heromrking ikkje har so veldig kalkrik jord. Men, enkelte stader er berggrunnen rik på kalk, og då kan desse plantane dukke opp. Vi har fleire slike stader i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde.

Svein har i år konsentrert seg om området på Tverrfjellet og området kring Morafta, begge stadane i fjella sør for Gloppefjorden. Han har funne fleire kalkkrevjande plantar på begge stader, og i tillegg har han registrert ein del fuglar som hekkar i området.

Rapportane er fin lesing, dei finn de her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:18.09.2014 Sist endret:17.08.2017)