Klage avslått av Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet har opprettholdt vedtaket som det førre verneområdestyret fatta, då dei avslo søknad om å få bygge ut småkraftverk i Botnen i Førde.

Grunneigarane i Botnen inst i Angedalen i Førde søkte i februar 2011 verneområdestyret om dispensasjon frå verneforskrifta, slik at dei kunne bygge småkraftverk i området innanfor Botnavatnet. Verneområdestyret vurderte det slik at dette tiltaket var i strid med verneføremålet og avslo søknaden. Grunneigarane klaga på vedtaket, og klagen vart sendt over til Miljøverndepartementet (MD).

No er svaret frå MD kome. Brevet finn du under her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:19.12.2012 Sist endret:09.01.2013)