Klage på løyve til å bygge gjetarhytte

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre vedtok i styremøte 30. mars å gje Risbotnen beitelag og Dag Bakketun løyve til å bygge gjetarhytte innanfor Risbotnen. Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har klaga på vedtaket.

Villreinnemnda skriv i klagen at dei meinar at det ikkje er teke nok omsyn til at dette er eit viktig område for villreinflokken i Førdefjella. Dei syner til at området både er kalvingsområde, beiteområde og at her er viktige trekkvegar for den lokale reinsflokken. Nemnda meiner derfor at det ikkje er teke nok omsyn til naturmangfaldlova § 9 i vedtaket (føre-var-prinsippet).

Verneområdestyret handsama klagen i møte 18.mai. Styret vedtok å stadfeste vedtaket sitt frå styremøtet 30. mars, og sende vidare til Miljødirektoratet som er klageinstans. Direktoratet vil då fatte endeleg vedtak i saka.

Både klagen, og styret sin handsaming av klagen, kan de lese i lenkene under her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:12.05.2017 Sist endret:17.08.2017)