Klager på vedtak som er fatta av verneområdestyret

To av dei vedtaka som Naustdal-Gjengedal verneområsestyre fatta på møte 7/12 den 28.november i fjor, har blitt klaga på. Dette gjelder løyvet til utviding av hytta til Kjell Arnestad, og løyvet til å køyre opp skispor med snøskuter i Instedalen i Naustdal.

Kjell Arnestad fekk løyve til å bygge på hytta si i Langedalen i Gloppen. Arnestad fekk dispensasjon frå verneforskrifta til å utvide hytta med 14,25 kvm. Fylkesmannen meinar at den utvidinga er for stor i høve til tidlegare forvaltningspraksis, og har derfor klaga på det vedtaket.

Instedalen Skianlegg fekk løyve til å køyre opp skispor med snøskuter, frå Vonavatnet og inn til Fosselvekråa. Villreinnemda i Sogn og Fjordane meinar at dette løyvet er ein trussel for villreinen i området og kan hindre naturlege trekk og bruk av beite- og kalvingsområdet. Villreinnemnda har derfor klaga på vedtaket. I tillegg har to grunneigarar i Instedalen klaga på vedtaket då dei meinar at det ikkje er behov for oppkøyring av skispor i området.

Begge klagesakene vert lagt fram for styret på første styremøtet i 2013, som vert torsdag 23.januar. Då skal styret ta stilling til om dei vil ta klagene til følge, eller om sakene skal sendast vidare til Miljøverndepartementet.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:09.01.2013)