Klima- og miljødepartementet har fatta endeleg vedtak i "skiløypesaka"

Klima- og miljødepartementet har no handsama klagesaka der verneområdestyret sitt løyve til oppkøyring av skiløype i Instedalen vart påklaga. Departementet har stadfesta verneområdestyret sitt vedtak og tek ikkje klagene til følgje.

Denne saka skriv seg tilbake til hausten 2012. Då søkte Instedalen skianlegg om å få køyre opp skiløypa inn til Gotdalen i Instedalen med snøskuter. Naustdal-gjengedal verneområdestyre handsama saka i desembar 2012 og gav løyve til å køyre opp skiløype, men berre inn til Fosselvekråa.

Løyvet frå styret vart klaga på av Villreinnemnda i Sogn og Fjordane og to grunneigarar. Verneområdestyret opprettholdt sitt vedtak og sende saka vidare til (dåverande) Miljøverndepartementet for klagehandsaming.

Miljødirektoratet har førebudd klagesaka for departementet og sendt den vidare til Klima- og miljødepartementet (KLD) for endeleg avgjerd. Miljødirektoratet innstilte på at klagene burde takast til følgje og verneområdestyret sitt vedtak opphevast.

Departementet har no fatta endeleg avgjerd i saka. Dei konkluderer med:
1. At verneområdestyret hadde heimel i naturmangfaldlova til å fatte det vedtaket dei gjorde
2. At departementet ikkje finn grunn til å overprøve dei skjønsmessige vurderingane som løyvet bygger på.
Naustdal-Gjengedal verneområdestyre sitt vedtak vert derfor ståande, og klagene vert ikkje teke til følgje. KLD sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast på.

Brevet frå Klima- og miljødepartementet finn de i lenka under her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:11.09.2014 Sist endret:12.10.2017)