Kloppar i Gjengedalen

Vi er no ferdig med å legge trekloppar på strekninga frå Gjengedalsstøylen og inn til Urabakkane. Totalt er det lagt om lag 400 meter med kloppar, og det er no ei fryd å krysse desse myrane utan å få blaute sko.

Denne strekninga er starten på råsa som går inn til Byrkjeneset og vidare mot Måsevassdalen, Blådalen og andre turmål innover i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Råsa er mykje brukt av turfolk, sauegjetarar- og -sankarar, jegerar og fiskarar. Denne første strekninga kryssar fleire våte myrparti og råsa ber fleire stader preg av å vere oppgått og gjørmete. Vi har no fått lagt trekloppar forbi myrene, og over grøver, gjørmehol og andre blaute plassar.

Trekloppar over myra

Sjølve kloppane er laga av 2,5 tommar tjukke furubord, som er lagt enten enkle eller doble. Same type furubord er kappa opp og lagt som svillar under borda som ein går på. Då ligg dei stødig og vert ikkje gått ned i myra. Kloppane er skånsame med terrenget og vegetasjonen og kan flyttast eller fjernast om det skulle verte naudsynt.

Trekloppar i helling

Enkelte stader der kloppane ligg i helling, er det lagt på tverrgåande riller, slik at der er lettare å få feste for skoa. Ein skal vere observant på at borda kan verte sleipe og glatte, særleg i vått veir og når det fryser på.

Kloppar med grå farge

Enkelte reagerer på at nylagde kloppar viser veldig godt igjen i landskapet. Når borda er ferske har dei den typiske gule og lysande fargen som furuvirke har. Men borda vert ikkje behandla med noko, og etter berre eit år ute i vind og ver får dei ein fin gråfarge går fint inn i terrenget.

Arbeidet med kloppane er utført av Bygdeservice, som fekk oppdraget etter å ha vunne anbodskonkurranse.

 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:29.08.2014 Sist endret:12.10.2017)