Klopplegging i Vonamarkja er ferdig

No er klopplegginga ved Vonavatnet ferdig. I alle fall i denne omgang. Narve Fimland og Kåre Ullaland har gjort ein kjempejobb!

Kloppane er lagt i eit blautt og stadvis veldig gjørmete område. Det er lagt om lag 200 meter med kloppar, og det er mykje lettare å krysse dette området "tørrskodd" no i forhold til kva det var før. Det er likevel framleis behov for meir klopplegging og anna tilrettelegging før denne stien har den standarden vi skulle ønske. Vi får berre håpe vi framleis får bra med midlar til tiltak i åra framover!

Her er nokre bilete frå arbeidet og ikkje minst av det ferdige resultatet.

Material klar for transport over vatnet.

Borda vart transportert over vatnet med flåten som ellers vert brukt til å transportere sau på

Borda vart transportert vidare innover myrane med jernhest

Over dei vertste gjørmehola og grøvene vart det bygd bruar

Ein draum å gå på samanlikna med å stampe i myra!

Alf Erik Røyrvik (Publisert:22.10.2013 Sist endret:12.10.2017)