Klopplegging i Vonamarkja

I desse dagar vert det lagt trekloppar langs stien frå Vonavatnet og innover mot Nesstølen. Totalt skal det leggast 2-300 meter med trekloppar over dei blautaste og mest gjørmete partia.

Nesstølen er eit flott turmål. Stølen ligg vakkert plassert, er godt vedlikehalden og er ein ganske typisk støl for Naustedalen. Dessverre er stien innover til Nesstølen ikkje so veldig god. Den går over fleire blaute myrparti og enkelte stader må man bykse over 2 m breie gjørmehol. Det vil verneområdeforvaltninga no gjere noko med.

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre vedtok tidlegare i år å sette av midlar til å gjere tiltak på denne stien. Midlane kjem frå bestillingsdialogen med Statens naturoppsyn, som er ei årleg "bestilling" av midlar til tiltak i og rundt landskapsvernområdet.

I desse dagar driv innleigde fagfolk frå Arnt Laukeland AS med legging og tilpassing av trekloppar langs denne stien. Første prioritet i arbeidet er å legge kloppar og små bruer over bekkedrag og dei verste gjørmehola (sjå bilete nedanfor). Deretter skal det leggast tregongar over myrene so langt materialen rekker i denne omgang. Vi får nok ikkje tatt alt i denne omgang, men det vil vere aktuelt å halde fram seinare.

Trekloppar ved Vonavatnet  

Alf Erik Røyrvik (Publisert:27.09.2013 Sist endret:12.10.2017)