Kva tiltak skal vi gjere i landskapsvernområdet i 2016?

Statens naturoppsyn inspiserer klopplegging i Gjengedalen
Statens naturoppsyn inspiserer klopplegging i Gjengedalen, Foto: Alf Erik Røyrvik

Hausten er komen, og det er på tide å tenke på kva vi skal gjere i landskapsvernområdet i 2016. Verneområdeforvaltninga tek gjerne i mot innspel om gode skjøtsels-, tilretteleggings- og informasjonstiltak.

Til no i 2015 har vi fått gjennomført ein del tiltak, mellom anna buføringsvegen i Traudalen. Og det er fleire tiltak som skal gjennomførast eller gjerast ferdig før året er omme. Nederst på sida kan du sjå ei oversikt over korleis årets midlar vart prioritert og fordelt.

Seinare på hausten skal verneområdestyret gjennomføre bestillingsdialogmøte, og der skal dei sette opp kva tiltak som dei ynskjer å få midlar til neste år. Og då er det nyttig med innspel frå brukarane av verneområdet, for det er kanskje dei som veit best kor det er behov for å få gjort tiltak.

Desse tiltaka kan vere fleire ting, og der er litt retninglinjer for kva ein kan bruke midlane til. Dei kan nyttast til skjøtsel, tilretteleggingstiltak og til informasjonsarbeid. Midlane skal og brukast på ein slik måte at dei fremjar verneverdiane og naturverdiane som er i landskapsvernområdet.
NB: Midlane kan ikkje nyttast til driftstilskot til organisasjonar og verksemder, sjølv om desse har ein aktivitet som er positiv for området.

Når vi i forvaltninga skal vurdere og prioritere mellom tiltak, er det fleire ting vi ser på. Kostnad er sjølvsagt ein viktig faktor. Det same er kor relevant tiltaket er for verneverdiar og verneføremål. ein tredje ting er nytteverdien; kor stor nytte og for kor mange vil tiltaket ha effekt.

Til sist ser vi og på kor godt planlagt tiltaket er og kor stort det lokale engasjementet er. Eit tiltak vil stå sterkare i "konkurransen" med andre, der initiativtakar allereie har begynt å legge ein plan for korleis tiltaket kan gjennomførast. Ein slik plan treng ikkje vere omfattande, men den bør seie noko konkret om:
- Kva skal gjerast?
- Korleis skal det gjerast?
- Kven skal gjere det?
- Kva vil det koste?

Dersom du har forslag eller innspel til kva tiltak verneområdestyret bør satse på neste år, ta gjerne kontakt med verneområdeforvaltaren. Kontaktinformasjon finn du her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:25.09.2015 Sist endret:12.10.2017)