Legging av kloppar i Langedalen

I Langedalen i Gloppen har det no i november blitt lagt ut trekloppar frå enden av vegen og inn til nausta i ved Osen. No kan ein altso gå "tørrskodd" inn over myrane.

Verneområdeforvaltninga har fått mange innspel på at første del av råsa innover mot Osen, Arnestadstøylen og vidare innover er blaut. Dei som skulle på tur innover her måtte tidlegare bruke støvlar eller høge fjellsko om ein skulle unngå å verte blaut på beina. Slike stiar er det ikkje kjekt å gå på, og kan vere med på å redusere bruken av dette flotte området. På bildet over kan ein sjå skilnaden på den nye råsa på trekloppane og den gamle ved sidan av.

I samarbeid med grunneigarsameiget og Bygdeservice AS har vi no fått produsert og lagt ut om lag 300 meter med tregongar. No kan ein gå tørrskodd over myrane og grøvene inn til fastare og tørrare terreng ved nausta.

Trekloppar i

Hensikta med å legge trekloppar på denne stien er fyrst og fremst at det skal verte betre for turfolk og lokale å gå her, og dermed legge til rette for bruken av dette flotte området. I tillegg sparar ein vegetasjonen for slitasje og det ser mykje finare ut enn ei gjørmete og oppgått rås i blaut myr. Sånn sett er dette ein vinn-vinn situasjon for folk og natur!

Bygdeservice AS

Ole Gimmestad, Kurt Fossheim (over) og dei andre karane frå Bygdeservice AS har gjort ein god jobb med produksjon og legging av trekloppar. Rune Holen (under) i Statens naturoppsyn er nøgd med jobben og med gode løysingar ved kryssing av bekkar og liknande.

SNO nøgd med trekloppane

Vi vil oppmode alle til å ta ein tur å prøve den nye råsa. Enten no før snøen kjem eller til våren att.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:29.11.2012 Sist endret:09.01.2013)