Løyve til oppkøyring av skiløyper i Vonaområdet i Naustdal

Verneområdestyret gav i styremøte nr 7/12 dispensasjon til Instedalen skianlegg i Naustdal, til å køyre opp skiløype med snøskuter inn i landskapsvernområdet. Saka er ei vanskeleg og prinsippiell sak, der ulike interesser og omsyn står opp mot kvarandre.

Instedalen Skianlegg har søkt om å få køyre opp skiløype med snøskuter frå Vonavatnet og inn til Gotdalen, som ligger lenger austover i dalføret innover mot Langevatna og Longevasshytta. Skianlegget ville videreføre den oppkøyringa av skiløype innover her, som fann stad fram til området vart verna i 2009. Skianlegget har no søkt om å få køyre opp spor ein gong for veka frå nyttår og fram til 1. april 2013

Denne saka har som sagt vore kontroversiell. På den eine sida har ein ønske om å legge til rette for bruken av området, folkehelseperspektiv og ønske om meir aktivitet. På den andre sida har ein omsynet til villreinen og det generelle målet om å avgrense motorferdsel i verna natur. Dette er ei "vippesak" og eit spørsmål om korleis ein skal vekte ulike interesser og argument.

Det er ikkje opna for løypekøyring i verneforskrifta, og det har heller ikkje vore vanleg i andre delar av verneområdet. Styret har likevel heimel i naturmangfaldlova til å gje dispensasjon frå verneforskrifta dersom tiltaket ikkje er i strid med verneføremålet eller går ut over verneverdiane.
Eit viktig moment for styret har vore at det er snakk om ein aktivitet som føregjekk fram til området vart verna, og styret vurderer det slik at oppkøyring av skiløyper med snøskuter i eit avgrensa omfang ikkje er i strid med verneføremålet.

Styret har brukt god tid på denne saka og hatt dialog med dei ulike interessene. Det vedtaket styret no har fatta er eit kompromiss, der ein opnar for ei viss oppkøyring av skiløyper, men ikkje so langt inn som det er søkt om. I tillegg er det lagt som vilkår at køyringa skal stoggast om omsynet til villreinen skulle tilseie det. Det er i denne omgang berre søkt om, og gjeve løyve til, løypekøyring i ein sesong. Erfaringane frå dette løyvet vil vere viktige for vurdering av eventuell søknad om forlenging av løyvet.

Saksutgreiing og vedtak kan de lese i protokollen. Den finn de her.

PS: Jamfør forvaltningslova so er det 3 vekers klagefrist på vedtaket, for alle partar og andre med rettsleg klageinteresse.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:14.12.2012 Sist endret:09.01.2013)