Løyve til snøskutertransport

Oddvar Helgås har fått løyve til å bruke snøskuter til å frakte material og utstyr inn til hytte som ligg rett ved Vonagardane.

Helgås og dei andre eigarane har tidlegare fått løyve hjå Fylkesmannen til å utvide hytta. No har dei søkt om løyve til å frakte material og utstyr inn til hytta. Hytta ligg knappe 200 meter frå Vonagardane, og rett innanfor grensa til Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde.

Arbeidsutvalet til verneområdestyret har i telefonmøte 9.4.gjeve Helgås løyve til snøskutertransport.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:09.04.2013 Sist endret:12.10.2017)