Løyver til motorferdsel

Arbeidsutvalet for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde gav i telefonmøte onsdag 11.juli to dispensasjonar til motorferdsel i Naustdal-gjengedal landskapsvernområde. Begge dispensasjonane gjeld Gloppen kommune.

Ola Arnestad har fått løyve til å nytte båt med påhengsmotor på Langevatnet. Arnestad har tidlegare fått løyve til å utvide uthuset ved hytta si, og løyvet gjeld transport av materialar, utstyr og reiskap som trengs i byggjearbeidet. Dispensasjonen gjeld inntil 10 turar i år og inntil 10 turar neste år.

Grunneigarane i Rygg og Grov sameige har fått løyve til å nytte motorferdsel under visse vilkår, på vegane som går inn til nausta på begge sider av Traudslasvatnet, ved Osen. På begge sider er siste ca 100 m av vegen inn til nausta innanfor grensa vor verneområdet, og det krevst derfor dispensasjon for å nytte motorferdsel her. Løyvet gjeld fram til og med 2015.

Dersom nokon lurer på framgangsmåten for å søke om dispensasjon til motorferdsel i verneområdet, finn ein informasjon om det her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:13.07.2012 Sist endret:09.01.2013)