Løyver til motorferdsel

Høgsesongen for snøskutertransportar er i gong, og fleire har fått løyve til å bruke snøskuter til transport og andre føremål dei siste vekene.

Motorferdsel er i utgangspunktet forbode i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, men forvaltninga kan likevel gje løyve til motorferdsel til visse føremål. Mest aktuelt er transport i samband med beitenæring, transport til hytter og støylar og transport av material. I tillegg til dette kjem redningstenesta sine behov for å gjere seg kjent og finne brukbare trasear som dei kan bruke i redningsaksjonar og liknande.

Den siste tida har det blitt gjeve ein del slike løyver:

- Søreide og Ryssdal Beitelag har fått løyve til å køyre sltstein ut i beiteområda sine.

- Jan Kjetil Øygard, Anders Søreide og Oddvar Helgås har alle fått løyver til motorferdsel i samband med transport av materialar til byggearbeid på bygningar i verneområdet.

- Hjelpekorpsa i Gloppen og Naustdal har fått godkjent øvingsplanane sine, inkludert kjentmannskøyring i verneområdet. Øvingsplanane er godkjent både av politiet og verneområdeforvaltninga.

Alle løyver og andre vedtak kan ein sjå på Miljøvedtaksregisteret:
http://www.miljovedtaksregisteret.no/

Dersom du har behov for å søke om motorferdsel i landskapsvernområdet, må du søkje til verneområdestyret om det. Vi oppmodar om å bruke søknadsskjema på nett.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:02.03.2016 Sist endret:12.10.2017)