Miljødirektoratet snur i Gjetarhyttesaka

Miljødirektoratet har, etter oppmoding frå Sivilombodsmannen, gjort ei ny vurdering i Gjetarhyttesaka i Risbotnen. Grunneigar og beitelag får no løyve til å sette opp ei lita gjetarhytte i fjellet ovanfor Risbotnen.

I november i fjor kom Sivilombodsmannen med si uttale i saka, der dei ba Miljødirektoratet om å ta saka opp att. Det har Miljødirektoratet gjort, og i juni var representantar for direktoratet på synfaring i området saman med grunneigar, beitebrukarar, villreininteressene og verneområdeforvaltar. 

I slutten av juni kom nytt vedtak frå Miljødirektoratet. Dei snur i saka og gjev no grunneigar Dag Bakketun og Risbotnen beitelag løyve til å føre opp ei gjetarhytte i fjellet over Risbotnen. Lenke til vedtaket finn du under her.

Direktoratet har lagt nokre vilkår til løyvet. Dei har satt krav om ei nøyaktig plassering kor den vert minst mogeleg synleg i landskapet. I tillegg har dei sett krav til at den skal vere låst slik at den ikkje vert eit turmål for ålmenta. 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:15.08.2019 Sist endret:05.11.2019)