Møte i Fagleg Rådgjevande utval

Fagleg Rådgjevande utval for Naustdal-Gjengedal hadde møte på Skei Hotell på måndag 10. nov.

Utvalet hadde sitt haustmøte no på måndag 10.nov. I og med at vårmøtet gjekk ut i år, so vert dette einaste møtet i Fagleg Rådgjevande utval i år.

Dei "vanlege" sakene var:
- Orinetering om saker og forvaltning i 2014
- Gjennomførte tiltak i 2014
- Innspel til tiltak i 2015
- Generelle innspel til forvaltninga
I tillegg var høyring av forvaltningsplanen ei viktig sak som utvalet brukte god tid på. Det vart spelt inn kommentarar frå utvalet både på sjølve planen og på høyringsinnspela.

Nedanfor finn ein referat frå møtet, og dessutan presentasjonen som verneområdeforvaltaren synte på møtet.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:14.11.2014 Sist endret:17.08.2017)