Møte i verneområdestyret sitt arbeidsutval 24. juli

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre sitt arbeidsutval (AU) hadde telefonmøte torsdag 24. juli.

Arbeidsutvalet (AU) består av styreleiar og to av styremedlemmane. AU tek seg ofte av hastesaker og andre saker som ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig.

På dette møtet handsama styret eit par saker kring oppsetjing av ei ny bru i Vetledalen i Kandalsfjella i Gloppen. Den gamle brua vart teken av snø og is for nokre år sidan, og her er behov for ei ny. Det vart gjeve løyve til å setje opp ny bru, og i tillegg AU handsama og ein søknad om helikopterlanding i samband med overvaking av "ustabilt" fjell / fjellsprekk i fjellsida aust for Hyefjorden.

Protokoll etter møtet finn de her. 

(Publisert:25.07.2014 Sist endret:12.10.2017)