Møte om motorferdsel i Naustdal-Gjengedal 25. feb

Onsdag 25.februar arrangerte verneområdeforvaltninga eit ope møte om motorferdsel i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Om lag 20 personar frå ulike interesser og instansar møtte opp og bidrog til ein god dialog kring temaet. 

Tema for møtet var motorferdsel i verneområder generelt, og like viktig å få diskutert nokre konkrete problemstillingar kring skuterkøyring i Naustdal-Gjengedal. Her fekk vi ein særs konstruktiv dialog der dei ulike interessene var løysingsorienterte og imøtekomande.

Nedanfor her kan de finne eit kort referat frå møtet, og dessutan to av presentasjonane som vart synt i møtet.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:03.03.2015 Sist endret:17.08.2017)