Nettsider for Naustdal-Gjengedal

Då er Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde på nett!

Alle nasjonalparkar og større verneområder skal etterkvart få eigne nettsider. Sidene skal vere ein nettstad der brukarar, grunneigarar og andre kan finne informasjon om verneområdet og forvaltininga. Det er verneområdeforvaltninga som oppdaterer og dreiver nettsidene, og sidene vert ein viktig kanal for forvaltninga og styret for å få ut nyhender og informasjon.

De vil finne ein del informasjon under dei ulike fanene øverst på sida. Til dømes vil de under fana Forvaltning finne informasjon om korleis ein kan søke om dispensasjon frå regelverket.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:29.06.2012 Sist endret:09.01.2013)