Nytt styre for Naustdal-Gjengedal landskapvernområde

Etter valet i fjor haust er det oppnemnt eit nytt Naustdal-Gjengedal verneområdestyre. Det nye styret hadde sitt første styremøte 20. mars.

Grunna situasjonen med korona og for å unngå smittepress vart møtet gjennomført på Skype. Det er uvant å gjennomføre eit sopass stort og viktig møte digitalt, men gjennomføringa gjekk likvel greit. Det var mange saker på saklista denne gongen. Fleire aktørar skulle fornye fleirrige løyver til motorferdsel. Her var og søknad om å føre opp ein gapahuk. Dei viktigaste sakene var likevel konstituering av det nye styret og prioritering av tiltaksmidlar.

Konstituering
Etter kommunesamanslåinga i Sunnfjord har talet på styremedlemmer gått ned frå fem til tre. Vi har no eit veldig lite styre, heilt på minimum av kva eit slikt styre kan ha.
Karoline Bjerkeset frå Gloppen vart valt til leiar i verneområdestyret for perioden fram til 2023. Marius Dalin frå Sunnfjord vart valt til nestleiar. Gunhild Berge Stang frå Vestland fylkeskommune er styremedlem. Gunhild har ein periode bak seg i verneområdestyret.

Tiltaksmidlar
Naustdal-Gjengedal har fått 700.000 kr i tiltaksmidlar for 2020. Dette er det meste vi har fått nokon gong, og opnar for å få gjennomført mange gode og nyttige tiltak. Verneområdestyret sette i fjor haust opp ei liste over aktuelle tiltak, og tildelinga er knytt opp til den lista. Midlane vert til skjøtsel, tilrettelegging og informasjonsarbeid, innanfor visse retningslinjer frå Miljødirektoratet.

I tillegg vart det handsama ein del andre saker i møtet, hovudsakleg fleirårige løyver til motorferdsel. Dette gjeld stort sett årlege behov for transport til hytter eller i samband med beitebruk. Det vart og gjeve løyve til oppføring av ein gapahuk i Traudalen. 

Protokoll etter møtet finn du under her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:07.04.2020 Sist endret:17.07.2020)