Ope møte om motorferdsel i Naustdal-Gjengdal landskapsvernområde

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre inviterer med dette til ope møte om motorferdsel i landskapsvernområdet.

Invitasjonen går til alle som har behov for å nytte motorferdsel i landskapsvernområdet (beitenæring, hytteeigarar, redningstenesta m.fl.),  representantar for dei interesser og omsyn som vil avgrense motorferdsel (villrein, naturvern, tradisjonelt friluftsliv m.fl) og offentlege instansar som jobbar med motorferdselsaker (kommunar, politi m.fl.)

 

Møtet vert onsdag 25.februar kl 14.30 på Skei hotell.

 

Agenda for møtet:

  1. Opning og innleiing
  2. Kort orientering om regelverk og søknadsrutiner
  3. Korte innlegg frå ulike interesser
    (her kan dei frammøtte legge fram sine behov, interesser, omsyn, utfordringar)
  4. Diskusjon rundt konkrete saker og utfordringar
  5. Oppsummering og avslutning.

Vi tar sikte på å vere ferdig seinast kl 17.30

 

Intensjonen med eit slikt møte er å få til dialog mellom dei som har behov for motorferdsel og dei som vil avgrense den. Håpet er at vi kan verte einige om nokre kompromiss og/eller retningslinjer. Eg trur det er lettare å få det til om vi set oss ned rundt eit kart og ein kalender og diskuterer, i staden for å skrive brev og klager til kvarandre.

 

PS: Eg bestiller enkelt servering (smørbrød el baguettar) til møtet. Eg ber derfor om påmelding innan 20.feb, slik at eg veit kor mykje eg skal bestille.

 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:09.02.2015 Sist endret:17.08.2017)