Open anbodskonkurranse - Rammeavtale for kjøp av tenestekjøp i samband med tiltak i landskapsvernområde

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre og Ålfotbreen verneområdestyre lyser ut ein open anbodskonkurranse i samband med tiltak som skal gjennomførast i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde og Ålfotbreen landskapsvernområde i 2013.

Anbodskonkurransen gjeld ei rammeavtale på eit fleksibelt tenestekjøp. Rammeavtala vil gjelde ein del mindre oppdrag innan til dømes:
- tilrettelegging av stiar
- trearbeid, bygging av mindre trekonstruksjonar
- skjøtsel, hogst og rydding av vegetasjon
Det vil vere både manuelt arbeid og arbeid ved hjelp av reiskap og mindre maskineri.

Rammeavtala er på inntil kr 300.000 eks mva.

Frist for innlevering av tilbod er 3. juni kl 12.00

Meir informasjon finn de i konkurransegrunnlaget nedanfor her.

 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:15.05.2013 Sist endret:12.10.2017)