Opning av Friluftslivets år 2015 i Instedalen i Nautdal

No i 2015 er det Friluftslivets år. Dette vert markert med aktivitetar og arrangement over heile landet gjennom heile året. I Naustdal vart Friluftslivets år opna av ordførar Håkon Myrvang på tysdag 13. januar.

I samband med opninga og alle opningsarrangementa var alle ordførarane i landet utfordra til å overnatte ute frå 13. til 14. januar. Mange tok utfordringa på strak arm, og ein av dei var Håkon Myrvang (ordførar i Naustdal og styreleiar i Naustdal-Gjengedal verneområdestyre).

Etter å ha opna Friluftslivets år overrakte ordføraren ei gåve frå Naustdal kommune på kr 5000 til Friluftslivets år. Siss-May Edvardsen frå Barnas Turlag i Naustdal tok i mot gåva på vegner av dei organisasjonane som var med og arrangerte opninga.
Håkon Myrvang opnar Friluftslivets År i Nausdal

Etter å ha opna Friluftslivets år, fekk ordføraren varm og god betasuppe før alle kraup oppi soveposane sine. Om lag 25 friluftsglade, inkludert ordføraren, overnatta i telt på Instedalen Skileikanlegg, til tross for litt lyn, torden og snøver.

Link til nettsak i Firda om arrangementet finn de nederst på sida. Der finn de og link til Friluftslivets år sine sider.

Verneområdestyret og forvaltninga vonar at mange vil nytte det flotte verneområdet og områda rundt til turar og aktivitetar, både i Friluftslivets år 2015 og i åra som kjem!

Alf Erik Røyrvik (Publisert:15.01.2015 Sist endret:12.10.2017)