Oppsetting av grenseskilt

Kanskje vil du møte eit sånt skilt når du er på tur i sommar? Det fortel deg at du er i ferd med å gå inn i eit verneområde.

Men frykt ikkje. Du treng ikkje snu. Det at området er verna betyr ikkje at ein ikkje kan bruke området. Det er fri ferdsel i dei aller fleste verneområder, og i alle fall so er det det i landskapsvernområder som Naustdal-Gjengedal. Slike skilt står plassert ved dei mest brukte vegane og stiane som går inn i alle verneområder. Dei er sett opp for å informere folk om at dei no er på veg inn i eit verneområde, og skal informere om kva for type verneområde det er snakk om. Dersom du lurer på kva for reglar som gjelder for bruk av verneområdet, kan du finne dei i verneforskrifta.

Arbeidet med å sette opp desse skilta starta i fjor, og vi vonar at arbeidet vert ferdig no i 2012. Det er Statens naturoppsyn som har ansvar for å få sett opp desse skilta. SNO har leigd inn Bygdeservice på Sandane til å gjere denne jobben. På biletet under ser vi Kurt Fossheim frå Bygdeservice som er i ferd med å bore hol til eit grenseskilt.
 Kurt Fossheim frå Bygdeservice med boremaskina

PS: Skilta er ikkje juridisk bindande, og plassering av skilta kan derfor avvike nokre meter frå sjølve grensa.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:13.07.2012 Sist endret:09.01.2013)